Uavhengig teknologistudio
Real life.
Better tech.
Vi tilpassar kvart prosjekt til kundane og samarbeidspartnarane våre. Saman testar vi produkt, byggjer prototypar og utviklar programvare her på Sunnmøre.

Tenestene våre
Dette gjer vi.
Ein prototype kan trenge betre passform, ny programvare eller eit feltforsøk. Vi vel framgangsmåten saman med deg.
Kva skjer etter at du tek kontakt?
Vis oss kvar det stoppar opp
Kven bruker produktet, kva skjer, og kva treng du å avgjere? Nokre få linjer er nok til å starte.
Avtal arbeid og pris
Saman vel vi metode, tidsramme og kva du skal få levert. Du godkjenner omfang og pris før arbeidet tek til.
Gå gjennom resultatet saman
Prøv delen, køyr programvara eller gå gjennom observasjonane med oss. Deretter vel du kva som skal endrast eller prøvast på nytt.
Der vêret er ein del av jobben.
Salt luft, vått underlag og dagslys som skiftar med årstida. Eit produkt på Sunnmørskysten har rikeleg å bryne seg på.
Utforsk feltforholdaFrå notatboka
Field Notes.
Produsentsamarbeid
Har du noko å teste?
Kva er de usikre på ved produktet dykkar? Saman vel vi kva som skal prøvast, kvar forsøket skal gå føre seg, og kva teamet treng å sjå etterpå.